Velkommen til SkjelbreidPoirée!
Trenger du ein pause frå kvardagen? Er du ute etter ein stad der du kan ha kurs og konferansar, flotte feiringar, slappa av i vakker natur eller ha teambuilding med instruktørar som Liv Grete Skjelbreid Poirée & Raphael Poirée samt Ann-Elen Skjelbreid & Egil Gjelland? Vågar du prøva noko nytt? Ja, då er Skjelbreid Poirée for deg!
Luksushytta fleire og fleire snakkar om er no klar til å ta i mot nettopp deg! Nydeleg plassert på Skjelbreid gard i vakre Hålandsdalen, Fusa, like ved barndomsheimen til skiskyttarjentene Ann-Elen og Liv Grete, vil det no vera mogleg å komma på besøk med teamet di. Berre ein god times kjøring frå Bergen kan gjengen din her kunna nytta hytta heilt åleine med eit skreddarsydd opplegg. Enten de er ute etter eit avslappande opphald med boblebad, sauna og gastronomiske opplevingar, teambuilding med verds- og olympiske meistrar som instruktørar, toppmoderne konferanselokale eller ein kombinasjon av alt dette har du no sjansen til akkurat det. Skulle du ynskja eit motiverande føredrag av Liv Grete der ho sjølv fortel om livet som toppidrettsutøvar og korleis ho fokuserte, henta motivasjon og jobba for å nå sine mål, så ordnar me det.


